Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 33

2.1.1

Vi bruker forbrukarkjøpslova § 1.

  1. Privatkjøp
  2. Privatkjøp
  3. Næringskjøp
  4. Forbrukarkjøp
  5. Forbrukarkjøp
  6. Privatkjøp
  7. Dersom båten skal seljast i såkalla kommisjon, opptrer Åsen Marine AS i eige namn og blir derfor rekna som seljar. I så fall er dette eit forbrukarkjøp. Dersom Åsen Marine opptrer i Viggos namn, er firmaet berre ein fullmektig. Avtalen gjeld da mellom Viggo og Ellen Vik. I så fall er kjøpet eit privatkjøp.
  8. Spørsmålet er avhengig av om Katrine driv verksemd, og om ho derfor blir å rekne som næringsdrivande. Dersom ho fleire gonger i året gjer transaksjonar som denne, vil ho bli rekna som næringsdrivande. Spørsmålet vil vere avhengig av kva vi skal leggje i formuleringa «av og til». Vi kan gå ut frå at dette er sporadisk sal i samband med hobbyverksemd, men vi kunne også rekne med det motsette, næringsverksemd.
  9. Dette er eit næringskjøp. Skolen v/rektor blir rekna som å opptre i næringsverksemd.
  10. Denne klubben er for liten til å bli rekna som eigen juridisk person. Det er seks fysiske personar som har slått seg saman og gjort eit felles innkjøp av paraplyar. Det blir rekna som forbrukarkjøp. Hadde klubben vore større og hatt ein fast organisasjon (vedtekter, styre, større økonomi osv.), kunne han vorte rekna som ein juridisk person. Forbrukarkjøp gjeld berre fysiske personar.
  11. Sidan pølsemakaren sel privatbilen sin til ein forbrukar og salet heller ikkje skjer i forretninga, må dette vere eit privatkjøp.
  12. Salet er eit privatkjøp. Katinka overfører eigedomsrett til eit formuesgode (billetten) mot vederlag i pengar.

2.1.2

  1. Tvisten blir løyst etter reglane i forbrukarkjøpslova dersom bilen er kjøpt til og i vesentleg grad blir nytta til privat bruk, jf. § 1.
  2. Tvisten blir løyst etter kjøpslova dersom bilen er kjøpt til bruk i gardsdrifta (næring) og i vesentleg grad blir brukt til dette, jf. § 1.